Thor Helland til minne

10.12.1936–02.08.2021

Ein BUL-bauta har gått bort.

Heidersmannen Thor Oluf Helland er død, 84 år gamal. Thor Helland vil bli djupt sakna av mange generasjonar av BUL-folk. Friidrettshelten som blei beste norske friidrettsutøvar under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964 med sin åttande plass i 5000 m finalen – sovna stille inn midt under det neste OL i Tokyo, 57 år seinare.
Thor flytta til Oslo og melde seg inn i BUL på slutten av 1950-åra. Han kom frå Sørfold i Salten og representerte IL Trio/Fauske i ungdomstida. Thor har vore ei stor positiv kraft frå han kom til BUL til det siste.

Som utøvar var Thor ein av dei mest markante norske løparane på 1960-tallet. Fighterviljen og spurtstyrken til Thor sikra fleire sigrar i landskampar for Noreg. Hans nedkjemping av den svenske stjerna «Esso» Larsson ved fleire høve gjekk det gjetord om. Duellane i 1965 og -66 med løparlegenda Ron Clarke trekte fulle hus på Bislett. Thor blei slått med to tiendelar av Clarke i 1965, men sette norsk og nordisk rekord på 3000 m med 7.54,8. Året etter fekk dei to duellantane lik tid, men Thor dømt bak. I 1966 blei han den første mottakaren av Bislett-medaljen, saman med Terje Pedersen og Carl Fredrik Bunæs.

Statistikk frå Thor sin imponerande aktive friidrettskarriere: Noregsmeister for senior 17 gonger, seks norske rekordar, to nordiske rekordar, deltok 38 gonger for landslaget og åttandeplass i OL. Utmerkingar: Heidersmerke i BUL (1962), Heidersmedlem i BUL (1967), Bislett-medaljen (1967) og NFIFs gullmedalje for aktiv idrett (1967).
Etter at Thor la opp som aktiv utøvar gjekk han raskt inn som trenar for langdistansegruppa i BUL. Han fekk fram norske utøvarar som presterte nasjonalt og internasjonalt på 1970- og 1980-talet. Ein av utøvarane, Øivind Dahl uttalte i BUL-boka Hundre års idrettsliv at «han kan ikkje få rost Helland nok som den framifrå trenaren han var, nøyen, ærleg og detaljorientert.»

Frå midten av 1990-tallet og til det siste har Thor kanskje gjort sin viktigaste innsats for BUL som trenar og rettleiar for hundrevis av ungdommar. Ein hjartevarm person som såg alle for den dei var og følgde tett opp alle utøvarane både idrettsleg og personleg. I desse siste tiåra var Thor, saman med kona Unni, ein eige institusjon i ungdomsarbeidet i BUL.
Thor har også gjort ein stor innsats med fleire viktige verv i BUL. Mellom anna styremedlem i Idrottslaget, styremedlem i forretningane til BUL, medlem i Rådet i BUL og medlem i hovudkomiteen til Sentrumsløpet.

Våre djupaste medkjensle går til kona Unni, borna Ståle og Lasse, og resten av familien.

Vi lyser fred over Thor Helland sitt minne.

Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo.

Internasjonale topputøvarar på Bislett etter ein hard dyst midt på 1960-talet. Frå venstre: Ron Clarke (Australia), Thor Helland (BUL og Noreg) og Bill Mills (USA).