Årsmøtet 2020

Kjære medlem av Leikarringen i BUL Oslo!

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Leikarringen, tysdag 25. februar  2019 kl. 19:00. Det vert ikkje vanleg danseøving denne kvelden.

Stad: Lagsrommet (same inngang frå gata som til Teatersalen), Rosenkrantz» gate 8

Styret oppmodar medlemmene om å komme på årsmøtet! Ikkje-medlemmer som er interesserte er hjarteleg velkomne, men har ikkje røysterett.

OBS! Årsmøtepapira vil i år primært verte sende ut på elektronisk post. Dei som ikkje har e-postadresse registrert i medlemsregisteret får dei tilsendt i posten.

Det vert heller ikkje delt ut sakspapir på årsmøtet, dersom du ynskjer sakspapira på papir må du anten skrive dei ut sjølv, eller gi beskjed i god tid slik at vi kan skrive ut til dei som treng det. Vi ynskjer på denne måten å spare miljøet for unødig papirbruk!

Vel møtt!

Her kan du etterkvart laste ned dokumenta til årsmøtet 2020: