Bli med i BUL
Dei fleste som vil bli medlem i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL Oslo) vil bli medlemmar for å delta i aktivitetane til særlaga Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget eller Teaterlaget.
For å bli medlem og drive med aktiviteten i særlaget må du også vera medlem i Bondeungdomslaget i Oslo. Du kan også bare vera medlem i BUL Oslo utan å vere med på ein aktivitet og medlem i eit særlag.
Dei ulike særlaga har ulike prosedyrer for innmelding og ulike prisar for medlemskap og aktivitet. Meir informasjon om medlemskap ulike særlaga finn du under.
Medlemskap
Eit medlemskap gjeld frå 1. januar kvart år, eller frå innmelding. Faktura for medlemskap blir sendt ut i januar eller fortløpande ved innmelding.
Som medlem i Bondeungdomslaget i Oslo, er du også medlem i Fylkesmållaget Vikværingen, Bygdelagssamskipnaden, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.
Songlaget
For å bli med i Songlaget kan du sende ein e-post til [email protected] for å avtale prøvesong, eller du kan kome innom ei øving. Songlaget øver torsdagar kl. 19.00–21.30 i Teaterslalen, i Rosenkrantz’ gate 8.
Teaterlaget
For å bli med i Teaterlaget kan du sende ein e-post til [email protected] for å kome i kontakt og høyre om det er plass. Teaterlaget øver måndagar kl. 18.00 – ca 21.00 i Teatesalen, Rosenkrantz’ gate 8.
Leikarringen
For å bli med i Leikarringen kan du melde inn i Leikarringen og i BUL. Så er det berre å møte opp på øving. Leikarringen øver tysdagar 19.30–21.30 i Teatersalen, Rosenkrantz’ gate 8). Du kan også bli med på enkeltøvingar og betale kr. 70 per gong. Du kan også ta kontakt med Leikarringen på e-post: [email protected].
Idrottslaget:
For barn og unge under 15 år: Det er stor pågang på friidrett for barn. Meld deg inn i BUL for å stå på venteliste. Då får du beskjed når det er fråfall i den aktuelle gruppa. Her finn du informasjon om ulike grupper og tider. Sjå denne sida for meir informasjon om grupper og tider.
For alle over 15 år: Sjå på denne sida for oversikt over grupper og tider. Meld deg inn i BUL og send gjerne ein e-post til [email protected] slik at du blir sett i kontakt med aktuell trenar og eventuelt avtale prøvetrening.
Medlemskontingent
Dei ulike særlaga har ulik kontingentsats utifrå aktivitet og alder. For å delta i særlaga må du også vera medlem i hovudlaget. Medlemmer i Idrottslaget må også betale treningsavgift to gonger i året.
Medlemskontingent særlag
- Idrottslaget: Frå 450 til 950 kroner per år (treningsavgift to gonger i året kjem i tillegg til medlemsavgifta)
- Leikarringen: frå 450 til 950 kroner per år
- | BULder og Brak (hallingdans for barn): 600 kroner per år.
- Nye medlemmer meldt inn etter 1. juli betaler berre kontingent til hovudlaget (sjå pris under).
- Songlaget: frå 1700 til 2050 kroner per år (studentpris 300 til 650)
- Teaterlaget: frå 500 til 850 kroner per år
Medlemskontingen hovudlaget
- Vaksen: 650 kroner per år
- Ungdom (15–26 år): 300 kroner per år
- Barn (t.o.m. 14 år): 0
- Barn t.o.m. 14 år som berre er med i hovudlaget: 100
- Honnørmedlem: 300 (gje lagskontoret beskjed om dette er aktuelt for deg)
Nye medlemmer meldt inn etter 1. juli betaler 350 for inneverande år.
Faktura for medlemsavgift blir sendt på elektronisk i januar kvart år, eller fortløpande ved innmelding. Gje oss besjed om treng faktura tilsendt i posten. Medlemsavgifta kan betalast til konto 7874 42 01283. Hugs å også ha med KID nummer på fakturaen.
Når medlemspengane er betalte, finn medlemskortet ditt på appen Gnist.
Medlemsfordelar
Som medlem i BUL Oslo får du fleire medlemsfordelar:
- Kaffistova i Rosenkrantz’ gate 8: 10 %
- Heimen Husfliden i Arbeidergata og GlasMagasinet på Stortorget, på hyllevarer: 10 %
- Bondeheimen i Oslo: 15 %
- Det Norske Teatret: 20 %
- Oslo Sportslager: 20 % på alle piggsko og løpesko
15 % på alle ordinære/svarte prisar i heile butikken (gjeld ikkje syklar og klubbtøy).
Klubbtøy etter gjeldande avtale. Sjå Idrottslaget si fordelsside.
- Bondeungdomslaget har to også hytter som medlemer kan leige til gode prisar. Gå til Røkleivhytta eller Bondehytta for meir informasjon.
Har du spørsmål om medlemskap eller medlemsavgift kan du ta kontakt på [email protected].
Treningsavgift til Idrottslaget
Treningsavgift kjem i tillegg til medlemskontingenten for medlemer i Idrottslaget. Den blir fakturert direkte frå Idrottslaget i BUL to gonger i året per e-post og skal betalast til konto 8101 07 04510.
Treningsavgifta går til drifta av dei ulike gruppene: Trenarar, startkontingent, lokaleleige osb. Du kan ikkje trene utan at medlemsavgift og treningsavgift er betalt.
Har du spørsmål om treningsavgift, ta kontakt på [email protected].
Prisar på treningsavgift
- 5-10 år: 700 kroner per halvår
- 11-14 år: 850 kroner per halvår
- 15 år og eldre: 950 kroner per halvår
* Frå det året ein fyller 13 år må du ha heilårslisens for å få treningskort og tilgang til organisert friidrettstrening.
Det er ei forsikring på trening og stemne. Grunnforsikring kostar kr 600.
