Om utleige
Kva tid er lokala ledige?
Du kan sjå oversikt over kva tid lokala er ledige her.
Kva kostar det å leige?
Teatersalen
Heil dag (kl. 9‒23) 12.000kr
Halv dag (kl. 9‒17/kl. 17‒23) 6.000kr
Timeutleige kl. 9‒15 og kl. 19‒23 1.000kr/t
Timeutleige kl. 15‒19 2.000kr/t
Lagsrommet
Heil dag (kl. 9‒23) 6.000kr
Halv dag (kl. 9‒17/kl. 17‒23) 3.000kr
Timeutleige kl. 9‒15 og kl. 19‒23 500kr/t
Timeutleige kl. 15‒19 1.000kr/t
Nærskylde organisasjonar og medlemmar i BUL får rabatterte prisar på leiga. Kontakt oss for å få vita meir om dette.
OBS! Frå 1. januar 2026 blir prisane oppjustert, sjå lista under
Teatersalen
Heil dag (kl. 9‒23) 13.000kr
Halv dag (kl. 9‒17/kl. 17‒23) 6.500kr
Timeutleige kl. 9‒15 og kl. 19‒23 1.000kr/t
Timeutleige kl. 15‒19 2.000kr/t
Lagsrommet
Heil dag (kl. 9‒23) 6.500kr
Halv dag (kl. 9‒17/kl. 17‒23) 3.250kr
Timeutleige kl. 9‒15 og kl. 19‒23 500kr/t
Timeutleige kl. 15‒19 1.000kr/t
Kvar hentar vi nøklar?
Nøklar må hentast i Rosenkrantz» gate 8, 0159 Oslo.
Avtal henting av nøkkelbrikke med lagskontoret i god tid. Vi ser helst at du hentar i kontortid, men kan lage spesielle henteavtalar ved behov.
Som regel får kvar gruppe éin nøkkel, men det er mogleg å få fleire ved behov.
Får vi ein leigeavtale?
Ja, alle som leiger lokale av oss får tilsendt ein leigeavtale til digital signering.
Kor mange er det plass til i Teatersalen?
Salen har ei golvflate på om lag 230 m2.
– Til konferanse: ca. 75 bord og 150 stolar
– Til kinooppsett: maks 200 stolar. NB: per 15.10.24 har vi berre 180 stolar, så om du vil ha fleire må du ha med sjølv.
Det er mogleg å ha over 200 stykk viss du har med eigne stolar og bruker galleriet.
Kor mange er det plass til i Lagsrommet?
Lagsrommet er på ca. 90 m2.
– Til konferanse: ca. 15 bord og 30 stolar
– Til kinooppsett: ca. 40–50 stolar.
Rommet passar godt til mindre konferansar/møte.
Er det heis?
Ja, det er heis som kan brukast for både publikum og utstyr. Heisen er 1,2 m x 2,1 m med ei høgd på 2,5 m og går frå bakkeplan og ned til både Teatersalen, Lagsrommet og (HC) toalett. Vi har også rampe som kan nyttast over dørstokkane inn på romma.
Er det kjøkken?
Nei, det er ikkje kjøkken. På Lagsrommet har vi kaffitraktar og vasskokarar. Viss de leiger berre Teatersalen, kan de koka kaffi og vatn på Lagsrommet dersom rommet er ledig. For å vere sikre på å kunne bruke rommet, må de leige dette. Finn prisar her.
Det er også mogleg å ta med seg traktar/vasskokar sjølve og lage kaffi inne i salen.
Kan vi serverer mat og drikke?
De kan servere mat og (alkoholfri) drikke. Det er ikkje tallerkar eller glas/koppar tilgjengeleg og heller ikkje oppvaskmaskin.
Er det sceneelement tilgjengeleg?
Ja, vi har 18 stykk Nivtec 1 x 2 m sceneplattingar.
Fire forskjellige høgder: 20 cm, 40 cm, 60 cm og 80 cm.
Desse finn du i kjellaren vis-a-vis Lagsrommet.
Merk at de må rigge opp/ned desse sjølv.
Kan inngangsdøra stå open ved innslepp?
Ja. Dersom du vil at døra skal stå i open posisjon bruker du knappen oppe til venstre for døra.
Dersom du vil at døra ikkje skal gå i lås, men gå igjen, i eit spesifikt tidsintervall, må du ta kontakt med Lagskontoret i kontortida før arrangementet, slik at vi kan stille dette inn.
Kan vi bruke flygelet i Teatersalen?
Vi tar ikkje ekstra betalt for bruk av flygelet, men de må i utgangspunktet stemme det sjølv.
Det blir stemt ca. to gonger i året, og dersom de treng stemming utover det, må de ordna det sjølv. Lagskontoret kan tipse om pianostemmar eller de kan tilsette ein eigen.
Kan vi bruke pianoet i Lagsrommet?
Vi tar ikkje ekstra betalt for bruk av pianoet.
Har de vertsskap og vakthald?
Nei, vi har verken vertskap eller vakthald.
Dersom du leiger husteknikar på arrangementet ditt skal hen berre jobbe med teknikk og ikkje settast til andre oppgåver.
Kan vi kome innom og sjå lokalet?
Ja, ta kontakt med teknikar, Jøran, for å avtale tid å kome innom:
Jøran Normann: [email protected].
Kan vi sjå bilde av lokala?
Ja, du finn bilde her.
I lokalet
Er det internett?
Ja, bruk Admingjest. Passord: Bonde1913.
Kan vi bruke levande lys?
Nei, vi tillet ikkje bruk av levande lys.
Dersom du har eit stort ynskje om å bruke levande lys, røykmaskin eller liknande, er det viktig å spørje oss på førehand. I det tilfelle må vi sette dykk i kontakt med hotellresepsjonen på Hotell Bondeheimen for å avgjere om, og korleis, det lar seg gjere.
Kven kontaktar vi dersom noko ikkje fungerer når vi er der?
Dersom de har leigt teknisk utstyr og det ikkje fungerer kontaktar de teknikaren vår. Dersom de har andre spørsmål, kan de kontakte Lagskontoret eller dagleg leiar. Merk: viss det er utanfor kontortid set vi pris på at de prøver å finne ut av problem før de kontaktar oss. Det er også mogleg å spørje om assistanse frå resepsjonen på Hotell Bondeheimen på kveldstid/helg, men ettersom det i utgangspunktet ikkje deira jobb, er det ikkje sikkert dei kan hjelpe.
Skjer det noko akutt/alvorleg ringer de naturlegvis 110/112/113.
Det er for varmt/kaldt i lokalet
Klimaanlegget er automatisk styrt og slår seg på når sensorane registrerer at det er naudsynt. Det er difor dessverre vanskeleg å gjere noko med dette, men det vil forhåpentlegvis gå seg til etter ei stund om det er for varmt/kaldt.
Teknikk
Kva kostar bruk av teknisk utstyr?
Toggle Content goes here
Korleis fungerer musikkanlegget i Teatersalen?
Frå mobil
Frå andre einingar
Korleis fungerer prosjektoren i Teatersalen?
Toggle Content goes here
Korleis fungerer musikkanlegget i Lagsrommet?
Toggle Content goes here
Korleis fungerer prosjektoren i Lagsrommet?
Toggle Content goes here
Kven kontaktar vi dersom noko ikkje fungerer når vi er der?
Dersom de har leigt teknisk utstyr og det ikkje fungerer kontaktar de teknikaren vår. Dersom de har andre spørsmål, kan de kontakte Lagskontoret eller dagleg leiar. Merk: viss det er utanfor kontortid set vi pris på at de prøver å finne ut av problem før de kontaktar oss. Det er også mogleg å spørje om assistanse frå resepsjonen på Hotell Bondeheimen på kveldstid/helg, men ettersom det i utgangspunktet ikkje deira jobb, er det ikkje sikkert dei kan hjelpe.
Skjer det noko akutt/alvorleg ringer de naturlegvis 110/112/113.
Forlate lokalet / etter leiga
Må vi rydde og vaske etter oss?
Du skal forlate lokalet slik du fann det då du kom. Det inneber å sette opp like mange stolar og bord langs veggane som det var.
Lokala blir vaska ca. tre gonger i veka og dette er inkludert i prisen. Dersom de har sølt noko eller skitnar til meir enn «normalt», forventar vi at de vaskar dette opp. Utstyr til vask kan de finne i rommet «Reingjering» nede i den smale gongen vis-a-vis Lagsrommet.
Korleis gjer vi det med søppel?
Det som får plass i søppelkassane som står framme, tømmer vi for dykk. Dersom de har meir søppel må de ta det med dykk.
Korleis leverer vi nøkkelen?
Avtal med Lagskontoret om de vil leggja nøkkelen ein plass i lokalet eller kome og levere han på kontoret i kontortid.
Kva tid får vi faktura?
Vi sender vanlegvis ut faktura innan to veker etter leigetidspuntet. Dersom du har spesielle ynskje til tidspunkt, tar du kontakt med lagskontoret.
Kan vi lagre noko i lokala før eller etter utleige?
I utgangspunktet tilbyr vi ikkje lagringsplass til leigetakarar.
Dersom de leiger begge lokala fleire (heile) dagar etter kvarandre, kan de la ting og utstyr stå igjen, men dette er på eige ansvar. Som ein frivillig organisasjon, har mange nøklar til lokala. Merk at det aldri skal stå noko framfor nødutgangane, sjølv om de ikkje er der.
Dersom de ikkje leiger fulle dagar, må de ta kontakt med lagskontoret og spørje, dersom de ynskjer at noko står igjen. Det same gjeld om de vil inn med utstyr dagen før leigedagen.
Det er ikkje tillatt å la noko stå i gangar eller andre fellesområde.
Andre spørsmål
Kva er kontortida på Lagskontoret?
Vanleg kontortid på lagskontoret er måndag til fredag kl. 9.00–16.00. Vi har ein liten administrasjon og fordi det hender at vi har møte utanfor huset, er på heimekontor eller borte av andre årsaker, er det viktig å ta kontakt med oss og avtale tid for å kome innom.
Korleis kontaktar eg Lagskontoret?
Lagskontoret føretrekk å bli kontakta på e-post: [email protected]. Vi prøver å svare i løpet av få dagar.
Vi har også eit telefonnummer om noko hastar: 90 51 41 60.
Annan kontoinformasjon finn du her.