Velkomen til BUL
Så kjekt at du vil vere med i Bondeungdomslaget i Oslo! Enten du er med i Idrottslaget, Teaterlaget, Songlaget, Leikarringen, eller om du ikkje er med på ein av våre aktivitetar.
Om BUL
Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) er ein aktivitets- og kulturarvorganisasjon, stifta i 1899. BUL skulle vera ein heim i byen for bondeungdommen som forlet bygda for arbeid. I BUL kunne dei møtast for å diskutere, danse, synge, drive med idrett og ikkje minst, få snakke si eiga dialekt. Laget bygde Rosenkrantz’ gate 8 – Bøndenes Hus – i 1913, der vi har administrasjonen vår i andre etasje, og aktivitetslokale nede: Teatersalen og Lagsrommet.
Idrottslaget har aktivitetane sine primært på Bislett Stadion. Den mangfaldige scenen AS (DMS) deler kontor og øvingslokale med BUL.
Medlemsfordelar
Medlemmer har 10 % rabatt på Kaffistova og på hyllevarer hos Heimen Husfliden. Medlemmar får også 15 % på overnatting på Hotell Bondeheimen og 20 % rabatt på billettar på Det Norske Teatret. Idrottslaget har også eigne rabattar gjennom idrettsrelaterte partnarar.
Styrer og råd
Årsmøte i BUL er laget sitt øvste organ. Alle som har vore medlem meir enn 3 månadar og er over 14 år, har stemmerett på årsmøtet.
Alle særlaga har eigne styre, eigne årsmøte og har sjølvstyre på det meste. Nokre av lovene og styringsføresegnene til BUL set føring for drifta i særlaga og dei har også eigne lover å halda seg til.
Dei to hyttene våre, Røkleivhytta og Bondehytta, har kvart sitt styre. I styret sit frivillige valde på årsmøtet. Dei organiserer dugnad, har tilsyn etter utleige og held hyttene i god stand.
Lagsstyret sit på toppen av organisasjonsdrifta. Rådet skal halda oppsyn med den økonomiske drifta hos BUL. Rådet godkjenner årsrekneskapen til BUL før endeleg vedtak på årsmøtet (endra i 2024.) Dei frivillige i Lagsstyret og Rådet blir valde på årsmøtet.
Lagskontoret
På lagskontoret jobbar:
Marie Nicolaisen (organisasjonsrådgjevar, 100 % stilling)
Jøran Normann (teknisk ansvarleg, 50 % stilling)
Kari Velure (dagleg leiar BUL, 100 % stilling)
Magnus Kringstad (sportsleg leiar, 100 % stilling)
Eirik Tanberg (dagleg leiar i IL i BUL, 100 % stilling)
Guro Åsberg (arrangementskoordinator 100 % stilling)
Viss du lurer på noko kan du kontakte oss på:
[email protected] | 905 14 160
[email protected] | 905 79 476
Forretningane våre
I Rosenkrantz’ gate 8 er Hotell Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husfliden og Solhjell som alle er eigd av BUL. Sidan 1901 har BUL drive slik forretningsverksemd for å finansiera aktivitetane våre.
Bøndenes hus AS (BHAS) har eit eige styre som tar seg av forretningsdrifta, medan Rådet i BUL også held oppsyn med den økonomiske drifta hos BHAS.
Ein gong i året møtest Rådet og Lagsstyret til generalforsamling, som skal vedta årsrekneskapen BHAS.




